Tida går…

Hei folkens.

Lenge sidan eg har skreve eit innlegg no.

Dagane går og tida fly forbi oss. Det er faktisk ikkje så fole lenge til vi skal heim til kalde norge. På ein måte blir det godt men på ein anna måte reiser vi vekk frå paradis. men eg som eit gammalt ordtak seie: Borte bra, hjemme best. Men skal eg vere ærleg så er det likt på begge sider for min del. Alltid deileg å få reist litt, oppleve nye kulturar møte nye folk og få oppleve korleis andre har det. Eg vil fortsette med det fram over. Som pappa bruker å seie: reis medan du kan, og er ung.

Eg og Line har det topp her på Bali, ikkje noko store kranglar, berre små teite diskusjonar. Og som eg brukar å seie til ho: det hadde ikkje gått bra om vi ikkje hadde hatt diskusjonar, for då hadde det bygd seg opp til ein kjempe krangel. Hehe, så vi har det bra, ikkje noko å klage på.

Sist helg var vi på Come together fest for alle norske skulane som er her på Bali. Ein real fest må eg seie. Vi betalte 400 000 rupiah, som tilsvare ca 250 NOK. Eit flott tiltak festkomiteen på Gateway college stelte i stand. Vi dansa og kosa oss. Kjekt!

På søndagen bestemte Line seg for at no skulle ho kjøyre vannscooter. Vi kjørte til Nusa Dua som er ei strand på søraust sida av Bali. Ei stand med mange vannsport butikkar. Vi leigde ein vannscooter for 400 000 og fekk kjøyre i ein halv time. Når Line tenkte på vannscooter så trudde ikkje ho att det kom til å gå så fort som det gjekk. Eg kjørte først. Eg ga bonn gass frå starten av og Line satte i gang å hyle! haha! Steik kor eg flira! Men vi koste oss og Line fekk prøve å kjøre sjølv. Det vart litt hyling då også.

Ellers har det vøre ein del trening både på skulen og i fritida mi. Noko som gjer godt for kroppen. Eg har trent på idrettsanlegget som Gateway college eig. Prøver å trene ivertfall 3 gongar i veka. Dei 3 siste dagane har eg vore sjuk så har ikkje fått trent så mykje som eg vil, men håper på att det går over snart.

Line har nettopp vore på ein to-dagers tur til Komodoøyene. Noko ho synest var kjempe skummelt, men det kan ho fortelle sjølv, hehe. I morga til søndag skal eg, Line og ein liten gjeng kjøre rundt Bali på scooter. Det gler eg meg kjempe masse til. Sikkert kjempe mykje å sjå og oppleve, og eg vil tru at kameraet mitt kjem til å gjennomgå då. Neste uke er det lese veke før eksamenen på fredagen i Treninglære. blir spanande trur eg.

Eller er alt topp bortesett frå at eg er sjuk med litt feber og tett system. Håper ellers at alle har det bra heime.

Her er litt bilder frå forskjellig situasjonar.

6 thoughts on “Tida går…

    • Ja det har vert ei stund sidan no!
      Takk for det! Det er utrulig greit å ha scooter her, og det rekna eg med at det er der også? 🙂 Håper alt står bra til med dåkke .)

      • Hehe, synst det er veldig greit med scooter, kjøyre til skule kvar dag, istaden for å ta taxi, det sug :p hehe, men sikkert kjekt med gir og fart også :p scooterane her her 125 cc:)

  1. hei gulla mine.endeleg er det eit nytt blogg innlegg 🙂 så kjekt å høyre fra dokke.oj,så dumt at du er sjuk,håpe du blir frisk snart.no kan du tru eg er glad,kristine og idar har flytta heim 🙂 no set dei her ilag med oss og mathias,det er så godt å ha ho heime igjen 🙂 dokke og skulle vore her,men veit at dokke kjem heim snart.savner dokke veit du.tenker på dokke kvar dag.tenke denne reisen er veldig stort og lærerikt på både godt og vondt.vi har det bra her,et eplekake eg har baka og is no 🙂 stå på vidare begge to og vere forsiktige,og særleg på scooter i den farlege trafikken.skal helse fra alle her.veldig glad i dokke.hels Line.god klem mamma.

    • Heia 🙂 Ja dei kjem i ny og nee 🙂 Ja he blitt frisk att egentlig. Ja kan tenke mej at det er kjekt å få dei heim igjen 🙂
      Det er ikkje så veldig lenge til vi kjem heim igjen no, tida går alt for fort, men det blir nok godt å komme heim at også. som eg skreiv i innlegget, borte bra hjemme best 🙂
      Takk for det skal kose oss vidare den siste tida:) må helse alle saman heime og! glad i dokke også 🙂 klem!

Kommenter innlegget