Lovina og GoPro.

Hei folkens.

I helga har vi vore på tur til Lovina, som ligger heilt oppe i nord på Bali. Det har vore ein fantastisk tur. Avslappande og spanande. Dette var ekstra deilig å gjere rett etter ein eksamen. Trur det gjekk bra på eksamen også, men tida vil vise.

Rett etter eksamen kjørte eg oppatt til villaen for å pakke til turen vår til helga. Vi brukte rundt fire timar til å komme oss til Lovina. Vi stoppe underveis for å sjå på eit vanntempel

Vanntempel.

Vanntempel.

Etter det kjørte vi vidare for å sjå på dyr og få holde dei. Her er nokon bilde

Her held eg ei kjempeflaggermus.

Eg med ein slange rundt nakken.

Andreas med slange rundt halsen.

Og Ørjan med slange rundt halsen. Kven såg mest redd ut?

Søt gut.

Etter det kjørte vi til hotellet i Lovina. Eit kjempe fint hotell. På kvelden åt vi middag, og drakk eit par pils. Vi var så trøtte så vi søvna ganske tidleg.

Neste morgon for vi på «Delfinjakt» der vi stod opp klokke 05.30 for å ta båt ut på sjøen for å sjå etter ville delfinar. Det var utruleg fint, og spanande.

Det var ikkje store båtane vi skulle ut med.

Soloppgang, veldig fint syn ute på sjøen.

Mange delfinar.

Ut på dagen hadde eg og Line bestillt oss spa time der vi tok full kroppsmassasje, med skrubb og flower bath. Digg. Litt feminint, men fortsatt digg. Vi betalte 285 000 kvar, som tilsvara rundt 180 kr. Timen varte rundt 2 timar.

Eg og Line var på spa, der vi fekk ta flower bath. Digg.

Etter det slappa vi berre av før vi skulle ut på kvelden. Vi åt mat, kosa oss på ein Bar/restaurant, med mykje god mat og drikke. Så reiste vi på diskotek, og dansa litt. Kjekke kveld.

På søndagen skulle vi opp kl 07.30 for å ete frukost. Deilig bufe frukost. Så skulle vi vende nasa mot Jimbaran igjen. Men før vi tok strake vegen heim, skulle vi innom ein foss for å bade og hoppe litt. Det var utrulig kjekt, der vi sklei ned ein foss, hoppa frå 11 meter og fekk lunsh. Veldig fin plass. Fekk også gå gjennom ein slags jungel før vi kom til fossen.

Gjengen klar for å gå ein time inni jungelen til eit flott fossefall.

Line på veg inn mot jungelen.

Søt liten unge som poserte for meg.

Flotte rismarker.

Fossen vi bada i.

Etter det gjekk vi opp til bilane for å fortsette mot Jimbaran. På vegen stoppe vi for å sjå på nokon apekattar, sære skapningar.

Hello mr. Monkey.

Her ser dåkke litt av skadane på eit kjøpesenter i Kuta.

Så helgar var alt i alt kjempe digg. Mykje spanande som skjedde og kos heile tida.

I dag har eg og ein gjeng frå nabovillaen vore på WaterBoom. Ein vannpark. Der vi tok mange forskjellige sklier og diverse. Ein blir automatisk som ein litan unge igjen. Liker adrenalin. Etter det åt vi mat på ein restaurant på Discovery Shopping Mall. Der vi også møtte Line. Ho hadde tatt seg pedekyr.

Etter det tok vi taxi til ein restaurant som heite Mormors, der dei selg norsk mat. Der skulle vi bestille til til Gili, som vi skal reise til på fredag. Etter det tok vi oss ein tur til ein Rip Curl butikk. Der såg vi at dei selgde GoPro kamera. Noko eg har lyst på. Vi stod lenge å spekulerte på om vi skulle kjøpe oss det, men det blei til at vi droppe det. Line skulle kjøpe seg nokon klede, så vi venta utanfor. Eg tenkte ikkje noko meir over det, så når ho kom ut, sa ho til meg at ho hadde kjøpt meg bursdagsgåve. Og då hadde ho pina det kjøpt meg GoPro kamera!!!! Eg blei kjempe glad, søte snille kjekke fine jenta mi ❤ Sjølv om at eg ikkje har bursdag før 5 nov. Så det skal brukast flittig frammover. Topp bursdagsgåve.

Ellers har vi det bra, skal kanskje til Kuta å bestille meg dress i morga.

Mitt nye GoPro kamera<3 Elskar deg Line<3

 

 

Kommenter innlegget