Kerobokan prison, ein sterk opplevelse.

Hei folkens.

Flott helg. I går var vi på veldedighet auksjon, der dei auksjonerte vekk mykje rart, alt frå leverpostei, snus, personar som date og maleri og t-skjorter som dei innsatte i Kerobokan fengselet har laga. Der var mykje folk som kosa seg med god drikke og satte pris på auksjonen. Eg har hørt eit rykte om at det vart auksjonert bort gjenstandar for over 123 millioner ruphia. Mykje peng! Det lika vi.

Eg bydde på ei t-skjorte som eine innsatte ved fengselet hadde laga, eg bydde 1.5 millioner og vant. det tilsvare vell rundt 1000 NOK. Eg veit at det går til ein bra sak, så då er det berre givande.

Men det som er spesielt var at tidlegare på dagen blei eg spurt av Ivar Schou, som er forelesaren til Line, og som har ein lidenskap for det fengselet og dei innsatte der, om eg ville bli med som fotograf i dag å ta bilete i fengselet. Eg skulle vere med Ivar, Martin Staxrud som jobbar på Gateway college, og som også jobbar ved Olympiatoppen i Noreg på boksetime med dei innsatte ved fengselet. Martin er tidlegare proff boksar. Dette er i regi av Ivar og Myuran, som er innsatt ved fengselet. Han er ein av dei kjente Bali Nine medlemmane som sitt inn for å ha prøvd å smugle heroin ut av Bali for nokon år sidan.Han er også den personen som har laga den t-sMeir info kan ein finne her: http://en.wikipedia.org/wiki/Bali_Nine

Han sitter nå inne for narkosmugling, og har ein dødsdom over seg. Om ein kjøper narkotika eller prøvar å smugle narkotika ut av Bali kan ein få livsdom eller dødsstraff. Og Myuran fekk dødsstraff. Han skal bli drept neste sommar. Eg takka sjølvsagt ja til dette tilbudet, som eg synest virka svært interessant og spanande. Så eg, Ivar og Martin reiste i dag kl 11.30 til fengselet. Der Myuran hadde skaffa » tillatelse» av vaktane til å ta med kamera inn i fengselet. Eg tok bilete under bokse økta med Martin, ei bra økt, som alle dei innsatte satte svært stor pris på. Mange av dei var også veldig flinke.

Myuran viste oss også litt rundt i fengselet, der vi fekk sjå kor dei laga maleria og t-skjortane. Veldi spesiell opplevelse, for i etterkant fekk eg også vite at eg hadde tatt i hendene til voldtektsmenn, pedofile, mordara og smuglara. Sterk opplevelse.

Ivar har vore på saka til Myuran ei stund no og synest det er svært urettferdig at han neste år skal bli drept for det han gjorde. Myuran sjølv veit at han gjorde noko som var ulovleg og at det var dumt, utan tvil, men at han skal skal bli drept for dette…. Der er personar i det fengselet som sitter inne for å ha voldtatt, drept og pattert kvinner i bitar som skal ut om 12 år, personar som har voldtatt små barn og mange ting som er mykje verre enn det Myuran har gjort. Og etter å ha møtt Myuran sjølv ser eg kva Ivar meinar om denne saken, der Myuran er ein kjempe hyggeleg kar, som har gjort mykje for dei innsatte, ved for eksempel å lage til denne boksetimen, laga t-skjorter til veldedighet og mykje ann.

Her er ein link folk kan gå inn på for å skrive under for å prøve å hjelpe til å redde Myuran og Andrew som også er ein av Bali Nine. http://mercycampaign.org/

Det er einaste presidenten som kan redde dei no. Så om folk vil hjelpe til med ein liten underskrift hadde det vore kjempe snillt.

Her er også ein dokumentar om Myuran og Andrew i fengselet, litt om hendelseforeløpet.

Her er nokon bilete eg tok mens vi var i fengselet i dag.

Her varmar dei opp. Ivar i blått og Martin i kvit.

Mange innsatte som blei med i timen.

Tårnet i bakgrunnen er der dei med dødsdom har celle.

Martin Staxrud.

Ivar og Myuran.

Martin og ein innsatt, satt pris på timen!

Myuran i action.

Portrett av Myuran. Ein hyggeleg kar.

Myuran viste oss malerrommet.

Ellers er alt topp, berre 12 dage at no ca. Skal bli godt å komme heim. Har eksamen på mandag, den siste, så det skal bli godt å bli ferdig.

Nikken.

7 thoughts on “Kerobokan prison, ein sterk opplevelse.

  1. kjære Nicolai. dette var veldig sterkt å lese.det måtte vere sterk opplevelse å vere der i fengselet og en opplevelse,og tenk at du var så nær desse personane,set med tårer i augene mine,det er slikt vi ser på film,men det er og virkligheita…… Nicolai mamma er så stolt av deg,dette er minner for livet du får….glad ideg.klem.

    • Hei mamma 🙂 ja det var ein sterk opplevelse og spanande opplevelse. Ja det var litt uvirkeleg…. Takk mamma kjekt at du skriver det 🙂
      Glad i deg og! klem!

Kommenter innlegget