Ei roleg helg, med litt fart i svingane.

Hei folkens.

I helga har vi egentleg berre slappa av. På fredag var vi på Dreamland Beach og på kvelden kosa vi oss med litt øl. Vi skulle egentleg ut på byen, men fekk ikkje tak i taxi. Så då bestemte vi oss berre for å legge oss.

Laurdagen bestemte vi oss for å ta scooteren og kjøre til Bali Galleria som er eit stort kjøpe senter i Kuta. Stian skulle kjøpe seg kamera, Canon 600D! Aww yeah! Canon rocks! Etter det reiste vi heim for å slappe av. Det er slitsomt å gå på kjøpesenter, er ikkje noko frå meg.. På kvelden satt vi på nabovillaen å slappa av med eit par kalde og litt drinkar. Svært kosleg!

Søndag vart det ikkje mykje gjort før på kvelden, då eg, Line, Andreas og Stian kjørte til Kuta for å sjå på Rip Curl surfefestival, men då vi kom fram, var det ikkje noko meir. Det skulle vere konsert på kvelden, men vi gjekk heller å åt mat på ein restaurant eg ikkje orka å nemne, ikkje noko god mat med andre ord. Etter det gjekk vi langs stranda, deilig. Vi kjørte heim, og såg ein film på TVn på villaen. Roleg helg, men godt å berre slappe av av og til.

Dinna veka skal vi på PT linja ha leseveke, sidan det er eksamen på fredag i Treningsplanlegging. Så dinna veka blir det mykje lesing. Ellers har vi det berre bra.

Litt bilder frå helga som var:

Kjøpt meg hatt.

Eit par som held hender på stranda.

Line les interiørmagasin på stranda. Dreamland Beach

Dreamland Beach, meget fint der ja!!

Go Kart! Kanskje 2 km frå villaen.

Line tek bilde på stranda.

Fine Line.

Line med hatten min.

Kosleg lag.

Line med ein søt hund.

Andreas på Nike butikk ved Bali Galleria.

Gjengen på Bali Galleria.

Midt i kjøpesenteret var der fullt av massasje stolar.

Middag på Pepenero på kvelden. Kosleg.

The Ring.

8 thoughts on “Ei roleg helg, med litt fart i svingane.

  1. Heia Nicolai!! Så kjekt å sjå at du og Line har det bra på Bali! Ser ut som dokke storkosar dokke. Arti å følge deg på bloggen din 🙂

    • Heia Sissel!
      Vi har det topp her på Bali! utan tvil! 😀
      Kjekt att du følger med på bloggen min! 😀
      Du må lese Line sin også : linekj.blogg.no 🙂
      Du må helse folket heime!

  2. heia Nicolai 🙂 flotte bilder igjen,det er så kjekt å lese det du skriv,du er kjempeflink 🙂 håpe du er frisk igjen.bra dokke kosa dokke,blir spennande neste eksamen,stå på 🙂 vi stemmer på deg på bloggkonkuranssen 😉 håpe du vinn 🙂 vi har det bra her heime.lykke til vidare med alt og hels Line.stor god klem mamma. 🙂

    • Heisann 🙂 takk skal du ha:D
      Ja frisk att no, ja den blir spanande ja:) takk. Bra dåkke stemme på meg, du må få fleir til å stemme 🙂
      Det er kjekt å høre! Du må helse alle saman, skal helse frå Line:) klem !!

  3. Hei ! Ser fantastisk ut på Bali, jeg reiser 6 mars .. Glede!
    Lurer veldig på om jeg skal kjøpe kamera på bali, mitt fungerer ikke så veldig bra lenger så jeg må enten kjøpe nytt før eller når jeg kommer ned. Ser du har vært med noen som har kjøpt der nede så kan jeg like godt vente? Hvordan er prisene? Og hvilken butikk fikk han kjøpt? Vanskelig å finne info på nett om senterets butikker og utvalg..

    • Hei. Ja då er det berre å glede seg. Er topp på Bali.

      Eg kjøpte meg kamera litt spontant egentli, men det var rundt 3000 kr billigare det kameraet eg kjøpte på Bali, enn det du kan få kjøpe her i Norge.

      Der er eit par butikkar på Discovery Mall, ligger i Kuta.

Kommenter innlegget