Fitness og Personleg trenar.

Hei.

Har lyst til å skrive litt om linja eg går på her på Bali, også etter ei oppfordring av ein lesar. Eg går Fitness, Personleg trenar ved Gateway College, på Bali. Det er ei linje med litt over 40 elevar.

Vi har no vore her i over 2 måneder, der vi har no hatt 2 fag. Det første faget vi tok var RAM= Rørslelære, anatomi og motorikk. Eit fag som hadde ein ganske intens start, men etterkvart gjekk litt nedover i intensitet. Vi lærte mykje på kort tid, men det vi lærte har vert svært nyttig, utan tvil. Med tanke på anatomien har vi lært om skjelletet, musklar og nervesystem osv. Om ein følger godt med i timane lærer du mykje og kan lett bruke anatomien i trening og for å forstå kva muskegrupper og muskler ein brukar i forskjellige øvlesar. Anatomien er ikkje lett, men om ein følger med frå starten, tek notatar og leser heime så når ein langt. Det er sjølsagt mykje teori i dette faget.

Etter ein måned hadde vi eksamen, det var ein eksamen på 4 timar. Eg bestod den eksamen, og er ferdig med den. Det er sjølvsagt godt å bli ferdig med den, men eg har lært mykje og kan bruke anatomi i trening. Med bestått eksamen er eg 10stp rikare.

Nå tek vi faget Treningsplanlegging, med litt mindre teori og med meir praktiske timar. I dette faget har vi lært om treningsplanlegging, planlegging av øktplan, periodeplan, litt om energifrigjøring, styrketrening, hurtighet og utholdenhetstreing. Og dette er berre noko av det vi har lært. Det er flinke forelesarar her på Gateway college, flotte trenings forhold og kjekke studentar. Etter å ha tatt anatomien var det svært spanande å bruke kunskapen i treningsplanlegging faget. Vi har nå leseveke før eksamen på fredag. Håper det går bra.

Siste faget vi har er PT-faget. Det er ei fag der vi lærer litt om markedføring, praktisk timar der vi lærer å vere PT osv. Har ikkje hatt faget enda så kan ikkje seie så mykje om det enda. Men eg har hørt at det skal vere eit interessant fag. I dette faget skal vi ha praktisk eksamen, noko som blir spanande.

Alt i alt er eg nøgde med linja eg har valgt. Du får tittelen Personleg trenar etter utdanninga og kan starte direkte i jobb. Gateway College har nettopp ingått ein avtale med Elixia med lettare moglegheit for studentar som tek denne utdanning for å få seg jobb etter oppholdet. Veldig bra vil eg seie.

Litt bilder:

LItt bilder frå skulen. Kan komme med fleir seinare.

Berre å spør om eg kan skrive fleire slike innlegg.

 

1 thoughts on “Fitness og Personleg trenar.

Kommenter innlegget