Bloggkonkurransen.

Hei folkens.

Den siste måneden har eg vore med på ein bloggkonkurranse som Gateway College arrangera, og det har vert eit spanande løp heilt opp til i gå kveld kl 23.59, norsk tid. Eg og BareJulie har kniva om ein første plass denne måneden, og det har vore eit tett race. Det har vore spanande og interessant. Eg fekk flest stemmer til slutt, meir enn 700 stemmer! Det er heilt fantastisk!

Eg vil takke alle og ein kvar for at dåkke har stemt på meg, eg setter verkeleg pris på det ❤

Nå gjelder det berre å sjå om eg kjem til topps i konkurransen, der det skal avgjerast av ein jury, og vinnaren blir annonsert på avsluttningsballet til Gateway College. det blir svært spanande!

Denne uka blir det mykje praktisk økter på skulen, og i dag har vi hatt coretrening, trening for kjernemusklaturen, buk og rygg. Deilig økt.

Til helga blir det «Norske dagar», som er ei turnering med fotball, volleyball og basketball. Det kjem elevar frå alle andre norske skulane som også skal vere med i turneringa. Det blir det største arrangementet Gateway College lagar, dei håper på oppimot 400 studentar. På laurdagen, 5 november, då eg har bursdag, blir det afterparty på stranda, med DJ, live band og mykje meir. Det blir ei kjekke helg. Eg skal vere fotograf den helga, noko eg synest er kjempe gøy!

Nikken.

6 thoughts on “Bloggkonkurransen.

  1. Gratulerer kære Nicolai med så mange stemmer 🙂 det er heilt fantastisk at du har fått så mange stemmer 🙂 mamma er så veldig glad og stolt av deg 🙂 lykke til vidare 🙂 stor klem.

Kommenter innlegget