Diverse bilde og tregt nett!

 

 

Sushi-train.

Det er så godt! Får vatn i munnen når eg ser på bilde!!

 

Slukte maten ganske fort.

Her drikk eg wheatgrass shot, det tilsvara 1 kg grønnsaker, eller frukt trur eg det var. Veit ikkje om eg trur på det.

Her sitter vi på grocer and grind. Lunsh.

Line laga middag til oss på kvelden, nam nam, ho er best! ❤

Eg blir så meint forbanna på nettet her, tett før eg går i veggen! prøva å laste opp fleir bilde men det går ikkje no tydlig vis!

Her er ivertfall nokon bilde, frå då eg og Line var på stranda, som eg ikkje huskar namnet på, og når vi var å åt sushi. I morga skal vi ha prøveeksamen i RAM, rørlselære anatomi og motorikk, det blir spanande. Ellers er alt good good ! 🙂

Nicolai.

Ubud.

Heia følkens.

Har egentleg ikkje fått skreve noko dei siste dagane, har hatt mykje å gjort. Eg lover å skrive litt oftare og komme med meir bilde som dagane går.

I morga skal eg legge ut nokon bilde når eg og Line var på den stranda dåkke såg for nokon dager sidan på bilde. Vi var der og hadde ein liten photo-shoot:)

I går var vi på Sushi Tei, utruleg god sushi, eg sleva faktisk noko grosalt etter den første biten med sushi, og då fekk vi oss ein god latter! Men eg kan komme med nokon bilde frå den middagen i morga.

Her er ivertfall nokon bilde frå dagen i dag. Då eg og jentene tok turen til Ubud! Kjempe fin plass. Vi var i ape skog/tempel, på marked, rismarker, og i zoo.

Ein topp dag utan tvil! Her er nokon bilder frå dagen. Håper dere liker det.

Nico.

Spanande kultur og fine strender

Hei Følkens.

I dag har eg hatt fri frå skulen, veit egentli ikkje heilt korfor, men det var særs deilig. Når eg stod opp ringte eg Line, ho hadde hatt timar og var no på ein offentleg kremasjon. So då bestemte eg meg for å ta scooteren, og suste ned til gravplassen.

Når eg kom dit var det mykje folk, mykje musikk og nokon menn på høgtalerane som hooya. Denne sermonien starte kl 12, og slutta kl 16, men her på Bali har dei ikkje tidsbegrep, så når vi spurte dei når kremasjonen skulle starte sa dei forskjellige tidspunkt… Så vi var der ganske lenge. Der var mange forskjellige rituale dei skulle gjennomføre før kremasjonen skulle skje, og ette kremasjonen skulle aska bli spredd på sjøen. Der var 24 personar som skulle kremerast. Veldi spesiellt å vere der, ein opplevese ein ikkje fer vere med på igjen, trur eg.

Etter dette kjørte vi til Gateway Cafe for å ete litt mat.Deretter kjørte vi tilbake til villaen. Eg kom på at eg hadde tatt kleda mine på laundry nede i Jimbaran, so eg satte med på scooteren igjen for å hente dei. Alltid like kjekt å kjøyre scooter.

Når eg kom heim, var Line kjempe trøtt, so eg bestemte meg for å ta ein scooter tur, til ei strand som ligg litt vest for Jimbaran. Tok meg 10 min å kjøyre dit. Der var det kjempe fint, og det kan eg bekrefte, for når eg kom dit var der 5 fotografar som stod og tok pre-wedding fotografi for par som skulle gifte seg. Eg snakka med 2 av dei, eit søskenpar som tok bilde av nokon frå korea eller noko liknande. Dei var veldi hyggelige, eg gidde dei ei addresse der eg brukar å legge ut bilde.

Eg gjekk og tok bilde av stranda og desse fotografane, kjekt å sjå korleis dei gjorde det. Deretter kjørte eg tilbake til villaen for å finne Line ligge godt under dyna, trøtte stakkars. So no i kveld skal vi ut å ete trur eg, like billig det egentli.

Ellers har vi det kjempe bra, mykje sol og varme, mykje å lære, mykje å ta til seg.

Nico.

Ei fin helg.

Hei følkens. 

I helga har vi gjort forskjellige ting. Vi var på fest fredagen, ein lyskryssfest, der vi skulle ha på oss eit klesplagg som signaliserte om du var i eit forhold(raudt), singel(gult) eller kjøyr på(grønt)! Eg og Line valgte sjølvsagt raudt. Det var kjempe kjekt, og etter det for vi til Kuta på ein club som heite Eikon, der ein hadda arrangert fest for oss der, det var også kjekt. Vi tok det egentlig ganske rolig, Line vart kjempe trøtt, og det sjønna eg egentlig, harde dager med mykje sol, og det blir ein sliten av.

På laurdagen stod vi opp litt seint, og det var gøtt! Ut på ettermiddagen reiste eg og Line til Kuta. Line hadde bestemt seg for å fare/highlighte håret sitt. Vi reiste først til eit kjøpesenter som heite Bali Galeria, svært kjøpesenter med mange ekslusive butikka… Line blei heilt forelska i ei klokke frå Marc by Marc Jackobs eller noko i den dur…. men ho bestemte seg for å vente med å kjøpe den. Kosta nokon millionar trur eg. So tok vi ein ny taxi for å kjøyre oss til Discovery Mall, også eit svært kjøpesenter, enda større enn det andre. Her var det litt meir «normale» butikkar med «normale» prisar. Samme kjøpesenter eg kjøpte kameraet mitt på. Skal forresten kanskje selge gamle kameraet mitt til ei jente som er interessert i det. Hope so. Vi gjekk å spurte fleire av dei lokale om dei visste om ein frisørsalong, og til slutt fant vi ein. Ein som såg fin og bra ut, ikkje ei sjappe på eit hjørne liksom.

Vi gjekk inn og spurte kor mykje dei skulle ha for å klippe, dei sa litt over ein million, trur eg det var. Line svarte ok, og vi måtte komme tilbake etter 45 min. Vi kom tilbake etter 45 min, og line viste kva highlights ho ville ha. Ho skulle berre farge etterveksten sin, med litt highlights. Mens ho satt på salongen tok eg meg ein kjempe lang gå tur langs Kuta-beach. Digg egentlig. Der var so utruleg mykje å ta bilde av, og eg fant ein liten gutunge som surfa, eg tok ein del bilde av han, kjekt…

Der er alt for mykje å ta bilde av her, eg teke rundt 300-400 bilde kvar dag, det er kanskje litt for mykje, men eg sletta ein del da. So det bil bildeframsyning når vi kjem heim… må seie frå om nokon vil vere med å sjå 🙂

Etter det for eg bort igjen til salongen, og der var det 2 men som stod å fiksa håret til Line… Ho brukte 4 lange timar på det, og i mellom tida besteme eg meg sjølv for å klippe meg. Eg blei ferdig på eit blunk, og blei kjempe nøgde med resultatet! Line derimot, heheheh….. blei ikkje so nøgde! Ho hadde sett for seg litt highlights i håret men fekk heller blondt hår istaden, og då felte ho ei tåre eller tre forran frisørane, ej flira litt, for ej synst det var kjempe fint! Trur ho held på å bli vandt med det no da. Trenge berre litt tid… Jente….. Etter det for vi å kjøpte solkrem og deo.

På søndagen sto vi opp i 6 tida, for då skulle vi på tur til ei øy, paradis øya Nusa Lembongan. Vi tok taxi til Gateway Cafe, der tok vi ein minibuss til der vi skulle ta ferge til øya. Det tok omtrent 2 timer med båt, ein fin tur, der fleste av oss søv.

Når vi ankom øya fekk vi litt introduksjon og vite litt om aktivitetane vi kunne vere med på. Mykje morosamt vi kunne velge. Så skulle vi ta bil ut til landsbygda for å sjå korleis dei hadde det. Der fekk vi sjå litt forskjellig. Vi fekk sjå kva dei livnæra seg av, som er turisme og sjøgras.

Etter det blei vi kjørt til eit hus/grotte som ein man bygde på 70-80 tallet, det var snakk om ei stor grotte/hus under bakken, kanskje 10-15 m under bakken. Veldig fasinerande! Han hadde brukt 15 år på å bygge det. Og deretter blei vi frakta tilbakte for å ete lunsh, og det var noko av den beste maten vi hadde smakt, gratis mat, men så mykje drikke vi ville, alt var i prisen. Og så kunne vi velge mellom forskjellige aktiviteter. Eg og jentene velgte å ta snorkling. Eg hata å ha plastikk, eller generelt ha andre gjenstanda i munnen so eg sleit litt i starten, men det gjekk bra etterkvart! Eg holdt på å flire meg i hel av Line, ho kløna ganske mykje i starten, fekk ikkje på seg brillene og visste ikkje korleis ho skulle bruke svømmeføttene:p hahaha, dåkke skulle ha sette det!

Det var utruleg kjekt å snorkle, fekk håndmate fiskane og sjå på koral ned i sjøen. Etter dette blei vi frakta tilbake med båt, så fekk vi prøve banan båt, og det var kjempe kjekt! Vi datt av ein gong og det var berre drit gøy !

So var det heimat turen, tok også 2 timar. Eg vart kjempe solbrent den dagen, smørte meg ikkje godt nok, nei. Alt i alt var det ein utruleg fin opplevelse. Kosa oss kjempe masse.
I dag har vi leigd oss scooter, både eg og Line. Veldig befriande, då vi kan kjøyre til skulen sjølv, istaden for å leige taxi. Det er første gongen Line prøva scooter, so ho var ganske skeptisk, eg er også ganske skeptisk, for trafikken her er heilt crazy! Aldresgrensa for å kjøyre scooter her er 5 år….. Men det går egentleg ganske greit… Blir vandt til det etter kvart.
No kjem litt forskjellige bilder frå dei forskjellige dagane. Trur ikkje eg orka å skrive bilde tekst på alle, om det er noko dykk lurer på er det berre å spør. Det tek so utrulig lang til å legge opp alle bilda, so det er bedre om dykk trykker på bilda som kjem opp, slik dykk fer sjå dei i større format. Sorry. 

 

 

Nico.

Dagane går, og vi kan ikkje klage.

Eg og Line var på veg til skulen i går og såg eit slags rituale, fult av menn med skjørt.

Eit naust.

Eg tok meg ein tur på stranda før skulen starta.

Skjellet som blir brukt i undervisninga...

Idrett 1 hadde livreddningskurs.

Pugg pugg så får du ein suss.

Berit med eit flygespark, men sjekk ut foten, au..... fekk låkt etterpå ja, men gjekk bra til slutt!

Etter skulen kjøpte eg meg innbakt pizza, det var gøtt!

På kvelden for vi ut å åt middag på ein restaurant som heite Pepenero.

Line kjøpte seg dessert på Mac'ern.... uskydig blikk?

 

Bingtang, Indonesisk øl, nam nam nam.

Line og Berit, prøver å finne taxi.

No har vi hatt skule i 3 dagar, og fått eit innblikk i korleis det skal gå framover. Det først faget eg tek no, som skal vare i 3 veke heite Anatomi, motorikk og bevegelse, og har også eit fag som heite Fysiologi. Eg skal vere heilt ærleg og seie at det er ikkje lett! Mykje tungt stoff på rask og kort tid, men eg gjer mitt beste for å få best mogleg resultat. Det er igrunn litt kjekt å studere igjen, sjølv om eg har gjort det på våren også, menst eg hadde full jobb. Mykje bedre å vere fullt fokusert på skule enn å jobbe samtidig som ein studerar.

Eg er kjempe nøgde med kameraet mitt og det er mange som spør meg om eg er fotograf, kjekt det. Eg prøva å ta mest mogleg bilde, både på skule og utenom skule. So framover kjem det nok både bilder frå skule og fritid.

No i helga skal vi ut fredag på Lyskryss fest, der eg og Line skal klæ oss i raudt for å signalisere at vi er i eit forhold. Festen skal vere på Gateway Cafe. Kjekt. På laurdagen skal vi på fest/bursdagsfest på Villa Oasis, der Berit å dei bur. Og på søndag skal eg, Line, Berit, Kamilla og Linn på heildagstur til Nusa Lembongan, som er ei paradisøy, 2 timar utanfor Bali, der vi skal gjere forskjellig ting som: vannaktivitetar, sole oss, osb. Trur det blir svært digg.

Ellers har vi det heilt supert. Line er litt solbrent no, men ellers he vi det bra.

Nico.

 

Diverse bilete.

Hei.

Her er ei samling av forskjellige bilder 🙂 Tatt med det nye kameraet mitt, Canon 5D mark ii.

Håper dåkke liker det dåkke ser.

Man med full scooter.

 

Dame i butikken sin, flaskene dåkke ser er bensin.

Klasserommet.

Eg og Line kosa oss på Gateway cafe.

Eg som er ute å bader.

Nokon gutar som synest det var morosamt med eit kamera som peika på dei.

Ein gut med dragen sin.

Line og Berit kosa seg i vatne.

Berit prøver å slå hjul.

Ut mot sjøen

Slik ser vi over alt, heilt normalt.

Sløv dag med SHOPPING. ops….

Hei følkens.

I dag søv vi lenge, og det var deilig… Sto opp, åt litt mat og slappa av ved bassenget. Deilig å gå ut av rommet, rett bort til bassenget, hoppe uti, oppatt for å ta ein salto, oppatt og deretter legge seg ned på ei solseng. Digg.

Vi skulle egentli ned på stranda, men det blei det ikkje noko av… So vi for heller til Kuta å såg oss litt rundt. Fant ei tatoveringsshoppe, kanskje det blir tatovering? Hmm… Det vi egentli skulle, var å finne eit gigantisk kjøpesenter, Discovery Mall. So utrulig mange butikkar og resturantar, sikker på det var dobbelt so stort som store-Moa… heheh.

Vi gjekk jo rundt å kika, so bestemte vi oss for å ete litt mat, kjempe svøltne, men so plutselig såg vi ein kamerabutikk… Gjekk inn dit, såg litt på forskjellige objektiv til kamerat mitt, so spørte ej han om han hadde eit Canon 5D mark ii, og det hadde han…. ops. Eg seie ops, for ej kjøpte mej det. betalte 13 000 norske kr. Eg kjøpte meg det for det er ei investering for framtida. Ei framtidig investering, som eg skal tjene på. Håper dei i familien min skjønner det. Gateway College sei at om eg tar noko bra bilde vi dei kanskje bruke det til promotering, so eg skal spør dei om dei vil bruke bilde eg tek. Og for eit fantastisk kamera, utrulig bra film-funksjon….. Bra kjøp!

Line sa at ho ville betale litt på kameraet, som ei bursdagsgåve 🙂

I morga skal vi på skulen, på eit infomøte med fitness og PT elevane. Blir sikkert gøy:) På tirsdag blir det den første skikkelige skule dagen. Gler meg!

Bilder kjem snart, bilde eg har tatt med nye kameraet også ! 😀 WOOP WOOP

Ellers har vi det topp!

Nico.

Seine bilete.

Hei folkens.

Her er bilde ej hadde tenkt å legge ut tidlegare i dag, som ej sa ej skulle legge ut i morga.

Det er ein mix av bilete egentleg. Litt forskjellige bilete frå dei forskjellige situasjonane eg forklarte i det førre innlegget 🙂 Kommenter gjerne, og kom med spørsmål om det er noko dykk lurer på.

Nico

This slideshow requires JavaScript.

Absolutt fantastisk kjekt.

Hei folkens.

Har ikkje skrevet på bloggen sidan torsdag, so no må eg gjere det. Vi har hatt so mykje å gjere dei to siste dagan , at eg rett og slett ikkje har fått tid til å sette meg ned med bloggen.

I går var vi på eit infomøte der vi fekk informasjon om Bali generelt, om skulen og litt fy fy reglar og huskereglar, og ting som var kjekt å vite. Vi satt der i vertfall to timar. På vegen til og frå møte tok eg ein del bilete, som dåkke fer sjå på slideshowen med bilete, der eg viser nokon. Der er alltid noko å ta bilete av her, utruleg spennande og spesielt.

Vi tok buss til Sari Sagar, som er eit hotell der folk frå skulen bur på, og det er ikkje langt ifrå Gateway cafe. Vi gjekk til cafeen, åt noko mat og bestemte oss deretter for å ta taxi til Kuta… Der vi gjekk inn på eit kjøpesenter, ein kjede som heite Carrefour. Mange stilige butikkar med massa forskjellige ting. Eg kjøpte meg nokon sandalar, som i ettertid vise seg å øydelege føtne mine… ganske irriterande egentli, betalte 199 000 for dei ! Line kjøpte seg ei lita veske. Deretter for vi på ein gigantisk daglegvarebutikk, der dei selgte alt mogleg… alt frå gøtteri til mopeddekk. Vi handla litt forskjellig der, litt mat skrive saker, vatn osb… So for vi heimatt til villaen.

På kvelden stakk vi ut… vi tok ein taxi som skulle ta oss til ein anna villa…. men han visste ikkje kor det var i det heile tatt ! So vi endte opp med å betale han 61 000 for ingenting, kom ikkje oss nokon stad. Vi spurte 5 taxisjåførar før vi fant fram! Berit måtte få ein som budde der, ein lokal mann til å forklare taxisjåføren kor det var. So vi kom no fram til slutt….

So der var vi på vors, kjempe fin villa ! Etter det for vi til Kuta for å sjekke ut utelivet… sei ikkje noko meir enn det……….

I dag he vi vøre å fått oss reiseforsikring, og nytt sim-kort, he ikkje fått til det enda da men… skal sjå på det i morga. Etter det gjekk eg og Line ein lang tur langs stranda, og der var det utruleg fint ! So gjekk vi på cafeen og åt mat, og søv litt, heheh….

Etter det gjekk vi bort på sports plassen for å spele volleyball, volleyballturnering ! Spelte med ein som heite Kjetil… vi tapte so vi kom ikkje oss noko vidare. Kjekt å spele da ivertfall. So for vi på villaen, bada litt i bassenget og slappa av, før vi for på velkomstmiddagen Gateway arrangerte. Mykje god mat og bra musikk.

So for vi heimatt, Line er litt dårlig, sliten og slapp. I morga skal vi på stranda og slappe av, chille litt.

Bilda kjem i morga! Pga dårleg internett…