Helg, deilig.

Hei.

Nå har eg og Andreas vore sta og reserverrt tatoveringstime, den 18.november. Blir spanande!

Denne helga hadde eg og ein gjeng planlagt å kjøre rundt øya. Det blei ikkje noko av pga skader, slik er det berre. Vi kan heller kjøre litt rundt omkring på øya ein anna dag. Er ikkje noko stress.

I går var vi ute, og det var kjekt. Hadde vorspel på villa B5. Alltid kjekt i godt lag.

Har ikkje lang tid igjen nå, så vi gjere det beste ut av den tida vi har igjen. Det blir sjølvsagt godt å komme heim til Noreg, men det kjem til å verte eit stort savn av Bali. Godt å komme heim til norsk mat, norsk kvardag, familie, vennar og ikkje minst bedre internett.

Neste veke er det mykje praktisketimar som står på agendaen, det likar vi. Eg brukar å øve meg litt på Line, som PT. Flink jenta mi.

No skal vi lage oss taco med nabovillaen, kose oss med film og chille.

Eller er alt topp. Vore litt slapp dei siste dagane, men det er vell berre varmen som har slått inn vil eg tru.

 

Ørjan sleikar sol.

 

Ikkje meg, men ein random dude.

Sportssenteret til Gateway College.

Stian triksar på scooter.

Tenkte vi skulle stikke på driving range i går, men det var stengt, pluss at der var dresskode.

Flott solnedgang.

Nikken.

PS. vil takke alle som har stemt på meg i bloggkonkurransen som Gateway College har arrangert. Setter veldig stor pris på det! Dåkke kan fortsatt stemme til i morga på linken : http://www.gatewaycollege.no/Studiesteder/Bali/Gateway-paa-Bali/Bloggkonkurranse/

 

 

 

 

 

Skreddarsydd dress og PT-bilete.

Hei folkens.

I går var eg, Line, Ørjan, Marius, Stian og Andreas i Kuta for å hente dei skreddarsydde dressane vi hadde bestilt. Line var berre med for å sjå på dei flotte gutane i dressane sine ! Eg blei kjempe nøgde med dressen min, og frakken/kåpa/ finejakka eg bestilte. Etter det blei det middag på Hard Rock Cafe. Kjempe deilig mat, men relativt dyrt

Skreddarsydd dress er ikkje noko tull.

Ørjan på med skjorta.

I dag har eg tatt bilete for skulen, der eg skulle ta «PT-bilete». Skal vere bilete av ein Personleg trenar som helper ein person i treninga, der vi skulle få med Gateway College logoen osv. Spanande oppdrag. Alltid kjekt å bli spurt. Bileta skal vere med i ein plakat som skal henge på Elixia og SATS i Noreg.

Her er eit eksempel:

Daniel, Nicco og Alette i action. PT-bilete.

Ellers alt topp.

 

Nytt fag, Jaya’s og trening.

Hei.

I dag har vi starta med nytt fag, PT-faget, med ny forelesar, Line Børrestad. Virkar som eit svært interessant fag, med ein flink forelesar. Vi lærar litt om PT-rollen, service, salg og markedsføring, motivasjon, feedback og coaching, planlegging osb. Eg vil tru dette faget vil være det mest interessante faget for oss som går PT-linja. Eg gler meg til å få starta skikkeleg.

Etter skulen kjørte eg, Line, Ørjan og Stian for å ete mat på Jaya’s som er ein lokal restaurant for lokale folk. Vi var litt skeptiske med det samme vi kom inn, der vi såg kjøkkenet som såg ut som eit bombenedslag frå andre verdenskrig, og på veggane var der fult av maur og insekt. Vi var fire personar og vi åt 8 rettar, 4 vanflaskar, og vi betalte 109 000 tusen rupiah, det tilsvarar rundt 70 NOK.

No i kveld har eg og Line vore på trening. Line var på sumba og eg hadde egentrening. Deilig og trene. Trent bein, biceps og bryst.

I dag er det berre ein måned igjen av oppholdet på Bali. Det skal bli godt å komme heim men også trist.

På Jaya's måtte vi skrive vår eigen liste over kva mat vi skulle ha.

Klar for mat.

Det var ikkje den høgaste standaren, men billig mat var det.

Plenty med mat.

Eg og Line etter trening, svette.

I morga skal eg ha PT-time med Line, blir kjekt!

Varme Gili.

Hei.

I helga har vi vore på Gili Trawangan. Det er ei lita øy utanfor Bali. Der var utruleg varmt, og vi vart utruleg svette. Det var ei fine øy, det skal den ha, men vi vart litt skuffa også. Der er ei paradis øy for dei som driver med narkotika, der dei selgde hasj og «magic mushroom». Vi blei tilbydd det heile tida, og dei selgde det på mange av restaurantane og uteplassane. Ein blir litt lei av dette. Så vi blei egentleg litt skuffa over heile øya.

Vi sola oss slappa av, for vi blei kjempe slappe av varmen, så det vart ikkje mykje aktivitetar gjort. Vi tok oss ein sykkeltur rundt øya, der det var omtrent berre sand, men det synest eg var stas. Så eg og Line hadde ei roleg helg med mykje varme.

Ellers her vi det bra. Skal begynne med eit nytt fag i dag, det siste faget eg skal ha her på Bali. PT-faget, der vi skal lære om PT-rollen, litt markedsføring osv. Det blir stas.

Håpe alle heime i kalde Norge har det bra også.

Nikken.

 

På veg mot Gili.

Greit med hestekrefte på båten vi tok.

Ankomst Gili.

Line på kaia.

Chill på solsenga.

Der var ganske fint på Gili.

Line ligg og solar seg.

Vi gjekk oss ein tur på fredagskvelden.

 

Line med drink i handa.

Fekk frukost på døra.

På laurdagen vart det sykkeltur rundt øya.

 

Kantra båt.

Line har blir kjempe fink til å ta bilder.

Hest og kjerre.

Ein mann som tok seg ei pause i hengekøya si.

Line slappa av på stranda.

Fortsatt fint på Gili.

Søt liten pusekatt.

Slike plakatar/skilt såg vi over alt.

Ørjan gjer seg deilig.

Her gjer vi oss klar for å stige om bord i båten tilbake til Bali.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Lovina og GoPro.

Hei folkens.

I helga har vi vore på tur til Lovina, som ligger heilt oppe i nord på Bali. Det har vore ein fantastisk tur. Avslappande og spanande. Dette var ekstra deilig å gjere rett etter ein eksamen. Trur det gjekk bra på eksamen også, men tida vil vise.

Rett etter eksamen kjørte eg oppatt til villaen for å pakke til turen vår til helga. Vi brukte rundt fire timar til å komme oss til Lovina. Vi stoppe underveis for å sjå på eit vanntempel

Vanntempel.

Vanntempel.

Etter det kjørte vi vidare for å sjå på dyr og få holde dei. Her er nokon bilde

Her held eg ei kjempeflaggermus.

Eg med ein slange rundt nakken.

Andreas med slange rundt halsen.

Og Ørjan med slange rundt halsen. Kven såg mest redd ut?

Søt gut.

Etter det kjørte vi til hotellet i Lovina. Eit kjempe fint hotell. På kvelden åt vi middag, og drakk eit par pils. Vi var så trøtte så vi søvna ganske tidleg.

Neste morgon for vi på «Delfinjakt» der vi stod opp klokke 05.30 for å ta båt ut på sjøen for å sjå etter ville delfinar. Det var utruleg fint, og spanande.

Det var ikkje store båtane vi skulle ut med.

Soloppgang, veldig fint syn ute på sjøen.

Mange delfinar.

Ut på dagen hadde eg og Line bestillt oss spa time der vi tok full kroppsmassasje, med skrubb og flower bath. Digg. Litt feminint, men fortsatt digg. Vi betalte 285 000 kvar, som tilsvara rundt 180 kr. Timen varte rundt 2 timar.

Eg og Line var på spa, der vi fekk ta flower bath. Digg.

Etter det slappa vi berre av før vi skulle ut på kvelden. Vi åt mat, kosa oss på ein Bar/restaurant, med mykje god mat og drikke. Så reiste vi på diskotek, og dansa litt. Kjekke kveld.

På søndagen skulle vi opp kl 07.30 for å ete frukost. Deilig bufe frukost. Så skulle vi vende nasa mot Jimbaran igjen. Men før vi tok strake vegen heim, skulle vi innom ein foss for å bade og hoppe litt. Det var utrulig kjekt, der vi sklei ned ein foss, hoppa frå 11 meter og fekk lunsh. Veldig fin plass. Fekk også gå gjennom ein slags jungel før vi kom til fossen.

Gjengen klar for å gå ein time inni jungelen til eit flott fossefall.

Line på veg inn mot jungelen.

Søt liten unge som poserte for meg.

Flotte rismarker.

Fossen vi bada i.

Etter det gjekk vi opp til bilane for å fortsette mot Jimbaran. På vegen stoppe vi for å sjå på nokon apekattar, sære skapningar.

Hello mr. Monkey.

Her ser dåkke litt av skadane på eit kjøpesenter i Kuta.

Så helgar var alt i alt kjempe digg. Mykje spanande som skjedde og kos heile tida.

I dag har eg og ein gjeng frå nabovillaen vore på WaterBoom. Ein vannpark. Der vi tok mange forskjellige sklier og diverse. Ein blir automatisk som ein litan unge igjen. Liker adrenalin. Etter det åt vi mat på ein restaurant på Discovery Shopping Mall. Der vi også møtte Line. Ho hadde tatt seg pedekyr.

Etter det tok vi taxi til ein restaurant som heite Mormors, der dei selg norsk mat. Der skulle vi bestille til til Gili, som vi skal reise til på fredag. Etter det tok vi oss ein tur til ein Rip Curl butikk. Der såg vi at dei selgde GoPro kamera. Noko eg har lyst på. Vi stod lenge å spekulerte på om vi skulle kjøpe oss det, men det blei til at vi droppe det. Line skulle kjøpe seg nokon klede, så vi venta utanfor. Eg tenkte ikkje noko meir over det, så når ho kom ut, sa ho til meg at ho hadde kjøpt meg bursdagsgåve. Og då hadde ho pina det kjøpt meg GoPro kamera!!!! Eg blei kjempe glad, søte snille kjekke fine jenta mi ❤ Sjølv om at eg ikkje har bursdag før 5 nov. Så det skal brukast flittig frammover. Topp bursdagsgåve.

Ellers har vi det bra, skal kanskje til Kuta å bestille meg dress i morga.

Mitt nye GoPro kamera<3 Elskar deg Line<3

 

 

Jordskjelv på Bali, med oppmerksomhet i norsk media.

Hei.

Det har vert eit kraftig jordskjelv på Bali i dag. Det målte 6.8 i Richters skala. Eg har det bra, og det har alle dei andre ved Gateway College. Vi har fått bra oppfølging av skulen og fått informasjon fortløpande, noko ein skal sette pris på.

Eg satt på biblioteket når det skjedde. Eg reagerte med å forflytte meg under skrivepulten, men når eg såg alle sprang ut av biblioteket sprang eg ilag med dei. Når vi kom ut såg vi alle stod ute og såg seg om kring, om der var skadar på byggningar og om det kom nokon storebølger/tsunami. Vi fekk kort tid etter beskjed om at det ikkje var nokon tsunami fare. Alt enda bra til slutt for oss.

Eg tok kontakt med Dagbladet og skreiv ein liten tekst og sendte ved eit bilete til dei, om korleis eg opplevde jordskjelvet. Eg fekk mail tilbake kort tid etter og då sa dei at dei ville ta eit kort intervju over telefon med meg. Så eg sendte dei det balinesiske telefon nr mitt. Og etter ei stund fekk eg telefon. Det var så utrulig dårlig dekning, så vi berre fant ut at eg skulle heller sende ein litt detaljert mail med korleis eg opplevde det, om eg var skremt, om vi var langt vekke frå episenteret osb. Eg sendte også med eit bilete av meg sjølv, der eg såg veldig alvorleg ut.

Så nå er eg i ein artikkel på Dagbladet.no

Her er linken: http://www.dagbladet.no/2011/10/13/nyheter/utenriks/jordskjelv/18562844/

 

Litt spanande, sjølvklart skummelt og ein opplevelse.

Her er bilda som blei brukt på Dagbladet.noDåkke kan fortsatt stemme på bloggen min på:  http://www.gatewaycollege.no/Studiesteder/Bali/Gateway-paa-Bali/Bloggkonkurranse/

Då blir eg meget glad!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Leseveke.

Hei.

Gler meg til dinna veka er ferdig. Blir mykje lesing framover og lite kos. Det er greit det, livet er ikkje alltid ein dans på roser.

Skal lese om spenst, hurtighet, styrke, teknikk, testing og planlegging. Og det er berre noko av det eg må studere. Eksamenen er på fredag, det skal vere ein 4 timars skriftleg eksamen. Håper det går bra. Eg og Andreas frå klassa har lest litt i lag, er greit med gruppearbeid, då ein kan komme med innspel, og også få andre sin kunnskap.

Etter eksamen på fredag skal vi til Lovina. Ein paradis plass på Bali, oppe i nord. Det blir stas etter eksamen. Ellers i dag har eg berre lest, slappa av og spelt volleyball med Marius, Ørjan og Andreas. Kjekt med litt trening. Så denne veka framover veit eg ikkje kor mykje blogging det blir, håper på å blogge nokon av dagane. Etter helga kjem det ein kjempe innlegg.

Skal forresten ta bilder for skulen igjen i morga. Skal ta «Fitness/PT» bilder, som skal vere med å promotere skulen. Kjekt å bli spurt.

Her er ein link til ein film som ein kompis frå klassa har laga for Gateway College:http://www.youtube.com/watch?v=cz0GfODbgic&feature=colike

Ellers alt bra.

Line slappa av i "jacuzzien" vår på villaen.

Treningslære.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ei roleg helg, med litt fart i svingane.

Hei folkens.

I helga har vi egentleg berre slappa av. På fredag var vi på Dreamland Beach og på kvelden kosa vi oss med litt øl. Vi skulle egentleg ut på byen, men fekk ikkje tak i taxi. Så då bestemte vi oss berre for å legge oss.

Laurdagen bestemte vi oss for å ta scooteren og kjøre til Bali Galleria som er eit stort kjøpe senter i Kuta. Stian skulle kjøpe seg kamera, Canon 600D! Aww yeah! Canon rocks! Etter det reiste vi heim for å slappe av. Det er slitsomt å gå på kjøpesenter, er ikkje noko frå meg.. På kvelden satt vi på nabovillaen å slappa av med eit par kalde og litt drinkar. Svært kosleg!

Søndag vart det ikkje mykje gjort før på kvelden, då eg, Line, Andreas og Stian kjørte til Kuta for å sjå på Rip Curl surfefestival, men då vi kom fram, var det ikkje noko meir. Det skulle vere konsert på kvelden, men vi gjekk heller å åt mat på ein restaurant eg ikkje orka å nemne, ikkje noko god mat med andre ord. Etter det gjekk vi langs stranda, deilig. Vi kjørte heim, og såg ein film på TVn på villaen. Roleg helg, men godt å berre slappe av av og til.

Dinna veka skal vi på PT linja ha leseveke, sidan det er eksamen på fredag i Treningsplanlegging. Så dinna veka blir det mykje lesing. Ellers har vi det berre bra.

Litt bilder frå helga som var:

Kjøpt meg hatt.

Eit par som held hender på stranda.

Line les interiørmagasin på stranda. Dreamland Beach

Dreamland Beach, meget fint der ja!!

Go Kart! Kanskje 2 km frå villaen.

Line tek bilde på stranda.

Fine Line.

Line med hatten min.

Kosleg lag.

Line med ein søt hund.

Andreas på Nike butikk ved Bali Galleria.

Gjengen på Bali Galleria.

Midt i kjøpesenteret var der fullt av massasje stolar.

Middag på Pepenero på kvelden. Kosleg.

The Ring.

Fitness og Personleg trenar.

Hei.

Har lyst til å skrive litt om linja eg går på her på Bali, også etter ei oppfordring av ein lesar. Eg går Fitness, Personleg trenar ved Gateway College, på Bali. Det er ei linje med litt over 40 elevar.

Vi har no vore her i over 2 måneder, der vi har no hatt 2 fag. Det første faget vi tok var RAM= Rørslelære, anatomi og motorikk. Eit fag som hadde ein ganske intens start, men etterkvart gjekk litt nedover i intensitet. Vi lærte mykje på kort tid, men det vi lærte har vert svært nyttig, utan tvil. Med tanke på anatomien har vi lært om skjelletet, musklar og nervesystem osv. Om ein følger godt med i timane lærer du mykje og kan lett bruke anatomien i trening og for å forstå kva muskegrupper og muskler ein brukar i forskjellige øvlesar. Anatomien er ikkje lett, men om ein følger med frå starten, tek notatar og leser heime så når ein langt. Det er sjølsagt mykje teori i dette faget.

Etter ein måned hadde vi eksamen, det var ein eksamen på 4 timar. Eg bestod den eksamen, og er ferdig med den. Det er sjølvsagt godt å bli ferdig med den, men eg har lært mykje og kan bruke anatomi i trening. Med bestått eksamen er eg 10stp rikare.

Nå tek vi faget Treningsplanlegging, med litt mindre teori og med meir praktiske timar. I dette faget har vi lært om treningsplanlegging, planlegging av øktplan, periodeplan, litt om energifrigjøring, styrketrening, hurtighet og utholdenhetstreing. Og dette er berre noko av det vi har lært. Det er flinke forelesarar her på Gateway college, flotte trenings forhold og kjekke studentar. Etter å ha tatt anatomien var det svært spanande å bruke kunskapen i treningsplanlegging faget. Vi har nå leseveke før eksamen på fredag. Håper det går bra.

Siste faget vi har er PT-faget. Det er ei fag der vi lærer litt om markedføring, praktisk timar der vi lærer å vere PT osv. Har ikkje hatt faget enda så kan ikkje seie så mykje om det enda. Men eg har hørt at det skal vere eit interessant fag. I dette faget skal vi ha praktisk eksamen, noko som blir spanande.

Alt i alt er eg nøgde med linja eg har valgt. Du får tittelen Personleg trenar etter utdanninga og kan starte direkte i jobb. Gateway College har nettopp ingått ein avtale med Elixia med lettare moglegheit for studentar som tek denne utdanning for å få seg jobb etter oppholdet. Veldig bra vil eg seie.

Litt bilder:

LItt bilder frå skulen. Kan komme med fleir seinare.

Berre å spør om eg kan skrive fleire slike innlegg.

 

Bloggkonkurranse!

Gateway College har arrangert ein bloggkonkurrase, der 10 bloggarar har meldt seg på, og eg er ein av dei. Det er publikum, eller sjåarar som får lov til å stemme fram ein vinnar i kvar måned, og eg er med denne månen.

Det ønskes at du som leser skal vektlegge tekst, bilder, kor ofte ein oppdaterer, seriøsitet og mangfold i bloggen. Ein kan stemme ved å trykke på denne linken: http://www.gatewaycollege.no/Studiesteder/Bali/Gateway-paa-Bali/Bloggkonkurranse/

Vi veit ikkje kva premien er enda, fordi Gateway College ikkje vil avsløre den før det er avsluttningball for studentane her på Bali. Det hadde vore super kjekt for meg om dåkke hadde stemt på meg!

Nikken.