Ny blogg.

Hei.

Eg har no komt heim til Noreg. Det var godt å komme heim, men ikkje etter situasjonen. Kvil i fred pappa<3

Eg har bestemt meg for å lage meg ny blogg, meir rette til fotografi. Eg skal prøve å skrive den på engelsk også. Eg håper personar som har følgt med på denne bloggen vil fortsette å følge med på den nye også: http://nicolaikarlsen.com/

Takk.

Nicolai.

Kerobokan prison, ein sterk opplevelse.

Hei folkens.

Flott helg. I går var vi på veldedighet auksjon, der dei auksjonerte vekk mykje rart, alt frå leverpostei, snus, personar som date og maleri og t-skjorter som dei innsatte i Kerobokan fengselet har laga. Der var mykje folk som kosa seg med god drikke og satte pris på auksjonen. Eg har hørt eit rykte om at det vart auksjonert bort gjenstandar for over 123 millioner ruphia. Mykje peng! Det lika vi.

Eg bydde på ei t-skjorte som eine innsatte ved fengselet hadde laga, eg bydde 1.5 millioner og vant. det tilsvare vell rundt 1000 NOK. Eg veit at det går til ein bra sak, så då er det berre givande.

Men det som er spesielt var at tidlegare på dagen blei eg spurt av Ivar Schou, som er forelesaren til Line, og som har ein lidenskap for det fengselet og dei innsatte der, om eg ville bli med som fotograf i dag å ta bilete i fengselet. Eg skulle vere med Ivar, Martin Staxrud som jobbar på Gateway college, og som også jobbar ved Olympiatoppen i Noreg på boksetime med dei innsatte ved fengselet. Martin er tidlegare proff boksar. Dette er i regi av Ivar og Myuran, som er innsatt ved fengselet. Han er ein av dei kjente Bali Nine medlemmane som sitt inn for å ha prøvd å smugle heroin ut av Bali for nokon år sidan.Han er også den personen som har laga den t-sMeir info kan ein finne her: http://en.wikipedia.org/wiki/Bali_Nine

Han sitter nå inne for narkosmugling, og har ein dødsdom over seg. Om ein kjøper narkotika eller prøvar å smugle narkotika ut av Bali kan ein få livsdom eller dødsstraff. Og Myuran fekk dødsstraff. Han skal bli drept neste sommar. Eg takka sjølvsagt ja til dette tilbudet, som eg synest virka svært interessant og spanande. Så eg, Ivar og Martin reiste i dag kl 11.30 til fengselet. Der Myuran hadde skaffa » tillatelse» av vaktane til å ta med kamera inn i fengselet. Eg tok bilete under bokse økta med Martin, ei bra økt, som alle dei innsatte satte svært stor pris på. Mange av dei var også veldig flinke.

Myuran viste oss også litt rundt i fengselet, der vi fekk sjå kor dei laga maleria og t-skjortane. Veldi spesiell opplevelse, for i etterkant fekk eg også vite at eg hadde tatt i hendene til voldtektsmenn, pedofile, mordara og smuglara. Sterk opplevelse.

Ivar har vore på saka til Myuran ei stund no og synest det er svært urettferdig at han neste år skal bli drept for det han gjorde. Myuran sjølv veit at han gjorde noko som var ulovleg og at det var dumt, utan tvil, men at han skal skal bli drept for dette…. Der er personar i det fengselet som sitter inne for å ha voldtatt, drept og pattert kvinner i bitar som skal ut om 12 år, personar som har voldtatt små barn og mange ting som er mykje verre enn det Myuran har gjort. Og etter å ha møtt Myuran sjølv ser eg kva Ivar meinar om denne saken, der Myuran er ein kjempe hyggeleg kar, som har gjort mykje for dei innsatte, ved for eksempel å lage til denne boksetimen, laga t-skjorter til veldedighet og mykje ann.

Her er ein link folk kan gå inn på for å skrive under for å prøve å hjelpe til å redde Myuran og Andrew som også er ein av Bali Nine. http://mercycampaign.org/

Det er einaste presidenten som kan redde dei no. Så om folk vil hjelpe til med ein liten underskrift hadde det vore kjempe snillt.

Her er også ein dokumentar om Myuran og Andrew i fengselet, litt om hendelseforeløpet.

Her er nokon bilete eg tok mens vi var i fengselet i dag.

Her varmar dei opp. Ivar i blått og Martin i kvit.

Mange innsatte som blei med i timen.

Tårnet i bakgrunnen er der dei med dødsdom har celle.

Martin Staxrud.

Ivar og Myuran.

Martin og ein innsatt, satt pris på timen!

Myuran i action.

Portrett av Myuran. Ein hyggeleg kar.

Myuran viste oss malerrommet.

Ellers er alt topp, berre 12 dage at no ca. Skal bli godt å komme heim. Har eksamen på mandag, den siste, så det skal bli godt å bli ferdig.

Nikken.

Norske dagar og bursdag = flott helg!

Hei folkens .

Sist helg hadde eg bursdag, og det var «Norske dagar» ved Gateway College. Der var det både volleyball, basketball og fotballturnering. Det var stas. Eg var fotograf, og eg tok rundt 1100 bilete. Holdt på i heile helga med å ta bilete, og då laurdagskveld kom var det deilig å legge frå seg kameraet.

På turneringa vant Gateway College alle turneringane untatt basketball. Men det går bra. Alle hadde det kjekt og kosa seg med sport og mat. Gateway er flinke til slike arrangement. Ellers hadde eg bursdag på laurdagen den 5 november. Det var stress heile dagen, og på kvelden skulle vi på afterparty på stranda, som både Gateway College, Active education, Go study studentar var med på. Før vi reiste ned på stranda, så hadde Line noko ho skulle vise meg. Det var ei bursdagskake, og eit kjempe søtt kort. Eg blei kjempe glad for det, og delte kaka med gjengen på nabovillaen. Kjempe stas! Det er ikkje ein skikkeleg burdag utan bursdagskake! Så tusen takk Line<3

På festen var det mykje god mat og god stemning. Alle hadde det kjekt, og med litt drikke innad bors blei det ein skikkeleg fest! Vi var vell ute heilt til kokka fire på natta, kom oss trygt heim! Ein fantastisk bursdag.

Denne veka har det blitt skevet Case-oppgåve til PT- faget. Så mamma, eg har skrevet case-oppgåve om deg. Der eg lagar ein periodeplan på 12 veke, med ein kortfatta forklaring på kva vi skal gjere dei 12 vekene. Og eg har lage ein øktplan for eine økta vi skal ha. Eg skal framføre dette til klassa i morga, så for å komme opp til eksamenen, som er neste veke, må eg få godkjent case-oppgåva. Trur det skal gå bra.

Eller er det ikkje så mykje nytt. Kjenne det skal bli godt å komme heim til kalde Noreg. Det regna noko voldsomt her på Bali no, sidan det er regntid her no. Eg og Line skulle kjøyre ned på ein restaurant som vi brukar å ete på tidlegare i kveld, og då kom i kliss blaute inn. Brukte faktisk den eine jakka eg har med meg til Bali.

Nikken.

 

Marius etter basketkamp.

Berit og Andrea tek kvarandre i hendene før kampen. Begge frå sykkylven, men forskjellige skular.

Kamilla med eit kraftig spark!

Jentelaget i fotball, etter å ha vønne turneringa! WOO HOO!!!

Guttelaget i fotball etter å ha vønne fotballturneringa! WOO HOO!!!

Mormors selgde vaflar! det var gøtt!

 

Der var mykje folk under turneringane.

 

Litt og litt. Dagane flyg forbi.

Hei folkens.

I dag stod eg opp kl 06.30 for å komme på skulen til kl 07.00. Det var ikkje noko godt å kjøyre til skulen i dag, det pissregna som vi sei på godt norsk. Er ikkje ofte vi ser det her på Bali, men det har regna litt i det siste. Eg synest det egentleg er deilig å få litt regn på seg.

For nokon dagar sidan lånte Marius, Ørjan og Andreas seg supermotard, noko som fekk dei til å føle seg som nokon små gutar, det var det lett å sjå. Eg blei ganske ivrig sjølv, så eg fekk låne ein av sykklane for å prøve. Det er ikkje det same som å kjøyre scooter, der ein berre gassar og gassar på utan å gire. Det var kjempe kjekt, dei bråkar, ein kan komme fortare opp i fart, og vi fekk mange blikk når vi kjørte dei på gata. Og med det har vi bestemt oss for at vi skal leige seinare, før vi reise heim til Norge, det blir stas.

I går la eg meg kl 22.30, og folk som kjenner meg, veit at det ikkje er ei normal leggetid for meg, eg er eit B-menneske, så eg er trøtt om morgonen, ikkje om kvelden, det skal eg love dåkke. Det har faktisk gått svært bra her nede på Bali, skal ikkje klage, men den sist tida har eg vore svært trøtt på dagen også, noko eg ikkje brukar å verte. Prøvar å ungå å søve på dagen, men det er ikkje alltid ein kan unngå det.

I dag har vi vore å ete mat på Grocer and Grind, kjempe god mat der. Etter det bestemte eg, Ørjan, Antita, Marius, Andreas og Marie oss for å spele volleyball. Det var gøy, eg og Ørjan var på lag, og vi eigde dei andre, hehe! Etter vi hadde spelt volleyball ei stund blei det eit straumbrudd på sportsarenaen, så då ga vi oss med volleyballen. Eg hadde lova Line ein PT-time på treningsrommet, så da tok vi oss ein time med Coretrening, litt kickboxing ++. Flinke jenta!

Så no sitt vi her, slappa av, Line er ferdig med innleveringa si til skulen, og ho er happy! Så no skal ho shoppe i morga som ein premie sei ho.

No skal eg legge meg, opp kl 07.30 i morga, skule kl 08.30.Klokka er her 23.25 no, heime er den vell 16.25 ca

Tenkte eg skulle ta meg ein dag å ta bilete av dei plassane vi brukar mest her på Bali, altså butikkar, restaurantar, vaskeri osv. Kan vere litt artig å sjå kanskje?

Nikken. Over og ut.

Marius og Andreas med supermotardane dei leigde. Tøffingar.

Andreas med laundryen sin.

Deluxe burger på GG.

Ørjan tha hunk...

Marius tha hunk..

Og Andreas tha Hunk..

Line tek ei lita pause.

Linn er glad i muskelen sin.

Eg og Line leika oss i bassenget. Tatt med GoPro kameraet eg fekk med Line i bursdagsgåve.

Hihi. Også tatt med GoProen.

Bloggkonkurransen.

Hei folkens.

Den siste måneden har eg vore med på ein bloggkonkurranse som Gateway College arrangera, og det har vert eit spanande løp heilt opp til i gå kveld kl 23.59, norsk tid. Eg og BareJulie har kniva om ein første plass denne måneden, og det har vore eit tett race. Det har vore spanande og interessant. Eg fekk flest stemmer til slutt, meir enn 700 stemmer! Det er heilt fantastisk!

Eg vil takke alle og ein kvar for at dåkke har stemt på meg, eg setter verkeleg pris på det ❤

Nå gjelder det berre å sjå om eg kjem til topps i konkurransen, der det skal avgjerast av ein jury, og vinnaren blir annonsert på avsluttningsballet til Gateway College. det blir svært spanande!

Denne uka blir det mykje praktisk økter på skulen, og i dag har vi hatt coretrening, trening for kjernemusklaturen, buk og rygg. Deilig økt.

Til helga blir det «Norske dagar», som er ei turnering med fotball, volleyball og basketball. Det kjem elevar frå alle andre norske skulane som også skal vere med i turneringa. Det blir det største arrangementet Gateway College lagar, dei håper på oppimot 400 studentar. På laurdagen, 5 november, då eg har bursdag, blir det afterparty på stranda, med DJ, live band og mykje meir. Det blir ei kjekke helg. Eg skal vere fotograf den helga, noko eg synest er kjempe gøy!

Nikken.