Hei folkens.
Har ikkje skrevet eit blogginnlegg på lenge. Har vore opptatt i nokon dagar. Her er eit lite eit.
På fredagen stod eg, Stian og Andreas opp tidleg for å surfa. Vi kjørte til Dreamland Beach, med forhåpning om flotte bølger. Men det var det ikkje. Dei braut heilt inne mot land, og då blir det vanskleg å surfe. Men det var gøy fordi om. Så for eg på skulen for å ha undervisning. På kvelden skulle vi egentlig ut, men eg vart fole låk haude. Men eg for ut alikavell, egentlig for å spør om Line ville heim, men det vart til at ho blei att i Kuta ilag med jentene frå villaen vår. Det var greit det, då for eg heim for å legge meg. Sliten etter ein lang dag.
På laurdagen reiste eg, Line, Stian og Ørjan til Kuta for å surfe igjen. Der var det flotte bølger, men alt for mange proffe surfera. Vi kom i veien for dei, og dei kom i veien for oss. Så det vart ikkje lett å surfe. Etter eit par timar ute i vatne, åt vi mat på Pizzahut, god pizza. Etter det igjen gjekk vi til Poppis 2. Som er ei gate med mange «jalla» butikka. Omtrent i alle butikkane som var der var det samme innhald av ting. Det var litt kjedleg. Eg kjøpte meg ikkje noko, men Line kjøpte seg ei lommebok, ho har dermed 3 lommebøker her på Bali. Hehe. På kvelden blei det til at vi for på ein restaurant rett nede med stranda, der det var kjempe god mat og god drikke. Eg, Magnus, Marius og Marie bestemte oss for å ta med oss nokon øl, musikk og stearinlys ned på strand igjen, sitte der og ha det kosleg. Utruleg deilig egentlig, berre sitte der å slappe av. Eg hjelpte Magnus å ta backflip, har klarte det nesten, klarer det snart skal du sjå 🙂
Når vi var i Kuta på laurdagen bestemte vi oss for å bestille tur til søndagen. Så vi endte opp med å bestille rafting-tur. Og det angrar vi ikkje på. Vi vart 8 personar som reiste. Eg og Line, og 6 personar frå nabovillaen, dei vi har blitt mest kjent med her på Bali, nokon awesome personar! Vi reiste kl 11 på søndagen. Trur det tok omtrent 2 timar å kjøyre dit. Og når vi kom fram fekk vi vite at vi skulle rafte ned ei elv som var 1.6 mil lang. Vi fekk på oss utstyr og satt oss i båten. Det var utrulig kjekt!! Angrar ikkje eit sekund på at vi bestillte den turen. Det var spanande, adrenalinkickar, ufattleg fint der, med mange rismarker og masse lokale folk som stod langs elva å helse på oss når vi for ned langs elva. Ein god opplevelse vil eg seie, einaste minuset for min del var at eg ikkje fekk hatt med meg kameraet på turen ned elva. Men men slik er det. Eg fekk tatt nokon bilder etter turen.
Så slik var helga vår. Kjekt. Denne veka skal vi ha praktiske øvelsar på skulen, det har vi ikkje hatt enda, så det blir spanande. Gler meg til det. Maxpuls test i morga, det gler eg meg ikkje så mykje til, men skal nok klare det. Ellers er alt topp som vanleg. Men en ting er kjipt, trur iPoden min(eller Mathias sin) har blitt stjelt. Den låg i scooteren min ei natt, og plutsleg var den borte vekk. Eg trur kanskje det er dei som jobbar her som stjel. Så eg skal sende ein mail til dei som har skaffa oss denne villaen. Skrive at dei må snakke med dei som jobbar her. Ditta går ikkje ann at det skal fortsette slik, for det er ikkje berre meg det gjelder.
Snakkast.
-
-
Ørjan og Stian på Pizzahut.
-
-
Liten gut som geipa til meg.
-
-
-
Poppis 2, gate i Kuta, fullt av butikkar med omtrent samme innhold i alle.
-
-
Å ha ting på hovudet er normalt for damer.
-
-
Line, vekser er tingen.
-
-
Filmar i fleng, piratcopy.
-
-
Der er mykje tagging på Bali.
-
-
Søt lita jenta.
-
-
Stian og Ørjan bestilte seg dress, det skal eg også gjere etterkvart.
-
-
Der er hunder over alt, lause i gatane.
-
-
Synst synd i dei.
-
-
Magnus klar for rafting?
-
-
Folk gjer seg klar for rafting
-
-
Veldig fint der vi var. Rismarker over alt.
-
-
Når vi kom fram til slutten av raftinga var der mange nakne gutar som bada og leika seg i elva.
-
-
Søt liten gut som eg fekk lov til å ta bilde av.
-
-
Eit hus, eller eit lite utehus.
-
-
Ein gammal mann som satt å selgde vatn.
-
-
Verkstad.