Jordskjelv på Bali, med oppmerksomhet i norsk media.

Hei.

Det har vert eit kraftig jordskjelv på Bali i dag. Det målte 6.8 i Richters skala. Eg har det bra, og det har alle dei andre ved Gateway College. Vi har fått bra oppfølging av skulen og fått informasjon fortløpande, noko ein skal sette pris på.

Eg satt på biblioteket når det skjedde. Eg reagerte med å forflytte meg under skrivepulten, men når eg såg alle sprang ut av biblioteket sprang eg ilag med dei. Når vi kom ut såg vi alle stod ute og såg seg om kring, om der var skadar på byggningar og om det kom nokon storebølger/tsunami. Vi fekk kort tid etter beskjed om at det ikkje var nokon tsunami fare. Alt enda bra til slutt for oss.

Eg tok kontakt med Dagbladet og skreiv ein liten tekst og sendte ved eit bilete til dei, om korleis eg opplevde jordskjelvet. Eg fekk mail tilbake kort tid etter og då sa dei at dei ville ta eit kort intervju over telefon med meg. Så eg sendte dei det balinesiske telefon nr mitt. Og etter ei stund fekk eg telefon. Det var så utrulig dårlig dekning, så vi berre fant ut at eg skulle heller sende ein litt detaljert mail med korleis eg opplevde det, om eg var skremt, om vi var langt vekke frå episenteret osb. Eg sendte også med eit bilete av meg sjølv, der eg såg veldig alvorleg ut.

Så nå er eg i ein artikkel på Dagbladet.no

Her er linken: http://www.dagbladet.no/2011/10/13/nyheter/utenriks/jordskjelv/18562844/

 

Litt spanande, sjølvklart skummelt og ein opplevelse.

Her er bilda som blei brukt på Dagbladet.noDåkke kan fortsatt stemme på bloggen min på:  http://www.gatewaycollege.no/Studiesteder/Bali/Gateway-paa-Bali/Bloggkonkurranse/

Då blir eg meget glad!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Leseveke.

Hei.

Gler meg til dinna veka er ferdig. Blir mykje lesing framover og lite kos. Det er greit det, livet er ikkje alltid ein dans på roser.

Skal lese om spenst, hurtighet, styrke, teknikk, testing og planlegging. Og det er berre noko av det eg må studere. Eksamenen er på fredag, det skal vere ein 4 timars skriftleg eksamen. Håper det går bra. Eg og Andreas frå klassa har lest litt i lag, er greit med gruppearbeid, då ein kan komme med innspel, og også få andre sin kunnskap.

Etter eksamen på fredag skal vi til Lovina. Ein paradis plass på Bali, oppe i nord. Det blir stas etter eksamen. Ellers i dag har eg berre lest, slappa av og spelt volleyball med Marius, Ørjan og Andreas. Kjekt med litt trening. Så denne veka framover veit eg ikkje kor mykje blogging det blir, håper på å blogge nokon av dagane. Etter helga kjem det ein kjempe innlegg.

Skal forresten ta bilder for skulen igjen i morga. Skal ta «Fitness/PT» bilder, som skal vere med å promotere skulen. Kjekt å bli spurt.

Her er ein link til ein film som ein kompis frå klassa har laga for Gateway College:http://www.youtube.com/watch?v=cz0GfODbgic&feature=colike

Ellers alt bra.

Line slappa av i "jacuzzien" vår på villaen.

Treningslære.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ei roleg helg, med litt fart i svingane.

Hei folkens.

I helga har vi egentleg berre slappa av. På fredag var vi på Dreamland Beach og på kvelden kosa vi oss med litt øl. Vi skulle egentleg ut på byen, men fekk ikkje tak i taxi. Så då bestemte vi oss berre for å legge oss.

Laurdagen bestemte vi oss for å ta scooteren og kjøre til Bali Galleria som er eit stort kjøpe senter i Kuta. Stian skulle kjøpe seg kamera, Canon 600D! Aww yeah! Canon rocks! Etter det reiste vi heim for å slappe av. Det er slitsomt å gå på kjøpesenter, er ikkje noko frå meg.. På kvelden satt vi på nabovillaen å slappa av med eit par kalde og litt drinkar. Svært kosleg!

Søndag vart det ikkje mykje gjort før på kvelden, då eg, Line, Andreas og Stian kjørte til Kuta for å sjå på Rip Curl surfefestival, men då vi kom fram, var det ikkje noko meir. Det skulle vere konsert på kvelden, men vi gjekk heller å åt mat på ein restaurant eg ikkje orka å nemne, ikkje noko god mat med andre ord. Etter det gjekk vi langs stranda, deilig. Vi kjørte heim, og såg ein film på TVn på villaen. Roleg helg, men godt å berre slappe av av og til.

Dinna veka skal vi på PT linja ha leseveke, sidan det er eksamen på fredag i Treningsplanlegging. Så dinna veka blir det mykje lesing. Ellers har vi det berre bra.

Litt bilder frå helga som var:

Kjøpt meg hatt.

Eit par som held hender på stranda.

Line les interiørmagasin på stranda. Dreamland Beach

Dreamland Beach, meget fint der ja!!

Go Kart! Kanskje 2 km frå villaen.

Line tek bilde på stranda.

Fine Line.

Line med hatten min.

Kosleg lag.

Line med ein søt hund.

Andreas på Nike butikk ved Bali Galleria.

Gjengen på Bali Galleria.

Midt i kjøpesenteret var der fullt av massasje stolar.

Middag på Pepenero på kvelden. Kosleg.

The Ring.

Fitness og Personleg trenar.

Hei.

Har lyst til å skrive litt om linja eg går på her på Bali, også etter ei oppfordring av ein lesar. Eg går Fitness, Personleg trenar ved Gateway College, på Bali. Det er ei linje med litt over 40 elevar.

Vi har no vore her i over 2 måneder, der vi har no hatt 2 fag. Det første faget vi tok var RAM= Rørslelære, anatomi og motorikk. Eit fag som hadde ein ganske intens start, men etterkvart gjekk litt nedover i intensitet. Vi lærte mykje på kort tid, men det vi lærte har vert svært nyttig, utan tvil. Med tanke på anatomien har vi lært om skjelletet, musklar og nervesystem osv. Om ein følger godt med i timane lærer du mykje og kan lett bruke anatomien i trening og for å forstå kva muskegrupper og muskler ein brukar i forskjellige øvlesar. Anatomien er ikkje lett, men om ein følger med frå starten, tek notatar og leser heime så når ein langt. Det er sjølsagt mykje teori i dette faget.

Etter ein måned hadde vi eksamen, det var ein eksamen på 4 timar. Eg bestod den eksamen, og er ferdig med den. Det er sjølvsagt godt å bli ferdig med den, men eg har lært mykje og kan bruke anatomi i trening. Med bestått eksamen er eg 10stp rikare.

Nå tek vi faget Treningsplanlegging, med litt mindre teori og med meir praktiske timar. I dette faget har vi lært om treningsplanlegging, planlegging av øktplan, periodeplan, litt om energifrigjøring, styrketrening, hurtighet og utholdenhetstreing. Og dette er berre noko av det vi har lært. Det er flinke forelesarar her på Gateway college, flotte trenings forhold og kjekke studentar. Etter å ha tatt anatomien var det svært spanande å bruke kunskapen i treningsplanlegging faget. Vi har nå leseveke før eksamen på fredag. Håper det går bra.

Siste faget vi har er PT-faget. Det er ei fag der vi lærer litt om markedføring, praktisk timar der vi lærer å vere PT osv. Har ikkje hatt faget enda så kan ikkje seie så mykje om det enda. Men eg har hørt at det skal vere eit interessant fag. I dette faget skal vi ha praktisk eksamen, noko som blir spanande.

Alt i alt er eg nøgde med linja eg har valgt. Du får tittelen Personleg trenar etter utdanninga og kan starte direkte i jobb. Gateway College har nettopp ingått ein avtale med Elixia med lettare moglegheit for studentar som tek denne utdanning for å få seg jobb etter oppholdet. Veldig bra vil eg seie.

Litt bilder:

LItt bilder frå skulen. Kan komme med fleir seinare.

Berre å spør om eg kan skrive fleire slike innlegg.

 

Bloggkonkurranse!

Gateway College har arrangert ein bloggkonkurrase, der 10 bloggarar har meldt seg på, og eg er ein av dei. Det er publikum, eller sjåarar som får lov til å stemme fram ein vinnar i kvar måned, og eg er med denne månen.

Det ønskes at du som leser skal vektlegge tekst, bilder, kor ofte ein oppdaterer, seriøsitet og mangfold i bloggen. Ein kan stemme ved å trykke på denne linken: http://www.gatewaycollege.no/Studiesteder/Bali/Gateway-paa-Bali/Bloggkonkurranse/

Vi veit ikkje kva premien er enda, fordi Gateway College ikkje vil avsløre den før det er avsluttningball for studentane her på Bali. Det hadde vore super kjekt for meg om dåkke hadde stemt på meg!

Nikken.

Tida går…

Hei folkens.

Lenge sidan eg har skreve eit innlegg no.

Dagane går og tida fly forbi oss. Det er faktisk ikkje så fole lenge til vi skal heim til kalde norge. På ein måte blir det godt men på ein anna måte reiser vi vekk frå paradis. men eg som eit gammalt ordtak seie: Borte bra, hjemme best. Men skal eg vere ærleg så er det likt på begge sider for min del. Alltid deileg å få reist litt, oppleve nye kulturar møte nye folk og få oppleve korleis andre har det. Eg vil fortsette med det fram over. Som pappa bruker å seie: reis medan du kan, og er ung.

Eg og Line har det topp her på Bali, ikkje noko store kranglar, berre små teite diskusjonar. Og som eg brukar å seie til ho: det hadde ikkje gått bra om vi ikkje hadde hatt diskusjonar, for då hadde det bygd seg opp til ein kjempe krangel. Hehe, så vi har det bra, ikkje noko å klage på.

Sist helg var vi på Come together fest for alle norske skulane som er her på Bali. Ein real fest må eg seie. Vi betalte 400 000 rupiah, som tilsvare ca 250 NOK. Eit flott tiltak festkomiteen på Gateway college stelte i stand. Vi dansa og kosa oss. Kjekt!

På søndagen bestemte Line seg for at no skulle ho kjøyre vannscooter. Vi kjørte til Nusa Dua som er ei strand på søraust sida av Bali. Ei stand med mange vannsport butikkar. Vi leigde ein vannscooter for 400 000 og fekk kjøyre i ein halv time. Når Line tenkte på vannscooter så trudde ikkje ho att det kom til å gå så fort som det gjekk. Eg kjørte først. Eg ga bonn gass frå starten av og Line satte i gang å hyle! haha! Steik kor eg flira! Men vi koste oss og Line fekk prøve å kjøre sjølv. Det vart litt hyling då også.

Ellers har det vøre ein del trening både på skulen og i fritida mi. Noko som gjer godt for kroppen. Eg har trent på idrettsanlegget som Gateway college eig. Prøver å trene ivertfall 3 gongar i veka. Dei 3 siste dagane har eg vore sjuk så har ikkje fått trent så mykje som eg vil, men håper på att det går over snart.

Line har nettopp vore på ein to-dagers tur til Komodoøyene. Noko ho synest var kjempe skummelt, men det kan ho fortelle sjølv, hehe. I morga til søndag skal eg, Line og ein liten gjeng kjøre rundt Bali på scooter. Det gler eg meg kjempe masse til. Sikkert kjempe mykje å sjå og oppleve, og eg vil tru at kameraet mitt kjem til å gjennomgå då. Neste uke er det lese veke før eksamenen på fredagen i Treninglære. blir spanande trur eg.

Eller er alt topp bortesett frå at eg er sjuk med litt feber og tett system. Håper ellers at alle har det bra heime.

Her er litt bilder frå forskjellig situasjonar.

Volleyball med Vegard Høidalen.

Hei folkens.

I helga som var arrangerte Vegard Høidalen sandvolleyball turnering her på Bali. Vegard har vore her i nokon veke for å trene idrett 1 i sandvolleyball. Og det var lett å sjå på nivået til spelarane i turneringa. Gateway College, og Vegard Høidalen inviterte alle dei norske skulane som er her på Bali til ein flott og kjekke helg med mykje volleyball.

Eg blei spurt om å vere fotograf for arrangementet, noko eg setter stor pris på. Alltid kjekt å bli spurt om å vere fotograf. Eg spelte sjølv volleyball i turneringa. Eg skulle egentleg ikkje gjere det for eg skulle på Delfin tur på laurdagen, så det krasja litt med tidene, men det gjekk bra. Eg og Marius spelte på lag, vi vant 2 og tapte ein så vi rauk ut på laurdagen rett før vi reiste på tur. Men det er ikkje det at ein skal vinne men delta, eit flott motto.

Det vart arrangert after party på Gateway Cafe(eller Luwak cafe) på kvelden på laurdag, der det vart prisutdeling til vinnerlaga og volleyball drakter til dei spesielle spelarar, som f.eks den med mest banneord på banna, den dårligaste taparen osb. Alle kosa seg og hadde det kjekt. Sjølvsagt var Vegard Høidalen den store attraksjonen.

Eg håper det blir fleire slike arrangement, med mykje moro og mykje glede.

Eg fekk ein trist nyhet sist veke… Oldemora mi døde. Det er ikkje lett å vere her på Bali når ein får slike nyheter, men eg veit at ho var blitt gammal og at ho har levd eit langt og godt liv, så eg vil berre seie, Kvil i fred Besta<3 Eg tenker på deg.

Gateway College, ein vinnar.

Fint ver og flott volleyball bane på idrettsanlegget til Gateway college.

Her ser dåkke meg skal til å ta ein fjonge smash!

Palmar og sol

Utsikt over sportsarenaen.

Vegard Høidalen har kontroll over turneringa.

Utsikt.

Ellers har vi det bra. Håper alle heime har det bra.

Photo session på Bali.

Hei folkens.

Lenge sidan eg har komme med eit innlegg no, som eg har sagt mang ein gong før! hehe.

Sist uke var det max-puls test og intensitet-sone trening. Eg har ein max-puls på 202 HF. Ganske morosamt egentleg å ha max-puls test, tungt men gøtt. Det er godt å begynne med litt praktisk treningsøkter, flinke lærarar, eller forelesarar som det heite på Høgskule nivå.

Eg tok meg ein dag for å ta litt bilder der eg tok scooteren å suste avgårde med kameraet. Eg tok litt bilder menst eg kjørte og stoppa på forskjellige plassar. Eg synest det er morosamt å stoppe folk for å spøre om eg kan ta bilde av dei. Mange liker det ikkje, og mange berre smiler og gjer seg klar til å bli tatt bilde av. Eg kjørte til eit marked, eller fiskemarked for å ta bilde. Eg var litt skeptisk med det samme, der eg var den einaste som var utenlandsk, eller kvit. Eg fekk nokon rare blikk, men det var svært spanande. Det lukta absolutt ikkje godt der, men eg fekk tatt ein del bilder. Ellers har eg fått med meg ein liten gjeng med jenter for å ta bilder ein dag. Skulle egentleg vere nå på søndag som var, men eg har vore så sliten, for eg fekk fotooppdrag med skulen om å ta bilder av volleyball turnering som Vegard Høidalen arrangerte for alle norske skulane som er her på Bali. Eit genialt arrangement. Eg skriv om dette i neste blogginnlegg.

Her er litt av dei bilda eg tok på fototuren min:

Inngang.

Rett nedanfor villaen vår. Ein kan sjå mykje tagging på Bali.

Ser litt skummelt ut, men hadde full kontroll.

Ein mann som gjekk og solgte knivar langs vegen.

På markedet

Grilling av fisk

Ein mann som kjøyre rundt med scooteren sin for å selge gullfiskar.

Katt som et restar av fisk.

Mann i inngangen sin.

Kjekk helg med ein visuell fin rafting tur.

Hei folkens.

Har ikkje skrevet eit blogginnlegg på lenge. Har vore opptatt i nokon dagar. Her er eit lite eit.

På fredagen stod eg, Stian og Andreas opp tidleg for å surfa. Vi kjørte til Dreamland Beach, med forhåpning om flotte bølger. Men det var det ikkje. Dei braut heilt inne mot land, og då blir det vanskleg å surfe. Men det var gøy fordi om. Så for eg på skulen for å ha undervisning. På kvelden skulle vi egentlig ut, men eg vart fole låk haude. Men eg for ut alikavell, egentlig for å spør om Line ville heim, men det vart til at ho blei att i Kuta ilag med jentene frå villaen vår. Det var greit det, då for eg heim for å legge meg. Sliten etter ein lang dag.

På laurdagen reiste eg, Line, Stian og Ørjan til Kuta for å surfe igjen. Der var det flotte bølger, men alt for mange proffe surfera. Vi kom i veien for dei, og dei kom i veien for oss. Så det vart ikkje lett å surfe. Etter eit par timar ute i vatne, åt vi mat på Pizzahut, god pizza. Etter det igjen gjekk vi til Poppis 2. Som er ei gate med mange «jalla» butikka. Omtrent i alle butikkane som var der var det samme innhald av ting. Det var litt kjedleg. Eg kjøpte meg ikkje noko, men Line kjøpte seg ei lommebok, ho har dermed 3 lommebøker her på Bali. Hehe. På kvelden blei det til at vi for på ein restaurant rett nede med stranda, der det var kjempe god mat og god drikke. Eg, Magnus, Marius og Marie bestemte oss for å ta med oss nokon øl, musikk og stearinlys ned på strand igjen, sitte der og ha det kosleg. Utruleg deilig egentlig, berre sitte der å slappe av. Eg hjelpte Magnus å ta backflip, har klarte det nesten, klarer det snart skal du sjå 🙂

Når vi var i Kuta på laurdagen bestemte vi oss for å bestille tur til søndagen. Så vi endte opp med å bestille rafting-tur. Og det angrar vi ikkje på. Vi vart 8 personar som reiste. Eg og Line, og 6 personar frå nabovillaen, dei vi har blitt mest kjent med her på Bali, nokon awesome personar! Vi reiste kl 11 på søndagen. Trur det tok omtrent 2 timar å kjøyre dit. Og når vi kom fram fekk vi vite at vi skulle rafte ned ei elv som var 1.6 mil lang. Vi fekk på oss utstyr og satt oss i båten. Det var utrulig kjekt!! Angrar ikkje eit sekund på at vi bestillte den turen. Det var spanande, adrenalinkickar, ufattleg fint der, med mange rismarker og masse lokale folk som stod langs elva å helse på oss når vi for ned langs elva. Ein god opplevelse vil eg seie, einaste minuset for min del var at eg ikkje fekk hatt med meg kameraet på turen ned elva. Men men slik er det. Eg fekk tatt nokon bilder etter turen.

Så slik var helga vår. Kjekt. Denne veka skal vi ha praktiske øvelsar på skulen, det har vi ikkje hatt enda, så det blir spanande. Gler meg til det. Maxpuls test i morga, det gler eg meg ikkje så mykje til, men skal nok klare det. Ellers er alt topp som vanleg. Men en ting er kjipt, trur iPoden min(eller Mathias sin) har blitt stjelt. Den låg i scooteren min ei natt, og plutsleg var den borte vekk. Eg trur kanskje det er dei som jobbar her som stjel. Så eg skal sende ein mail til dei som har skaffa oss denne villaen. Skrive at dei må snakke med dei som jobbar her. Ditta går ikkje ann at det skal fortsette slik, for det er ikkje berre meg det gjelder.

Snakkast.

Tur til Kuta. Alltid mykje å ta bilde av.

Hei folkens.

Har ikkje tenkt til å skrive så mykje i dag. Skal berre vise nokon bilde eg har tatt når vi var i Kuta. Eg synest det er veldig spanande å ta bilete av folk, som dykk sikkert ser i bilda mine. Alltid ei utfordring og alltid like spanande.

I dag var eg og Line ein liten tur til Kuta skulle på nokon ærend(sminke shopping) og kjøpe noko Line hadde tenkt å kjøpe seg, som ho heilt sikkert vil fortelle om sjølv. I dag tok det ein time å kjøyre til Kuta, til vanleg tek det rundt 20 minutt. Det var lange trafikk køer, for det var ein slags feiring i gatene. Vi kom oss fram tilslutt. Eg er ikkje noko glad i å shoppe sminke, men det er Line. Har ikkje noko problem å følge etter ho, men i dag vart eg så utruleg låk i hovudet.

Når vi kom heim til Jimbaran, skulle Line på Yoga, for eg hadde meldt ho på, og eg hadde tenkt til å trene, men klarte det ikkje pga haudeverk og kvalme. Gjekk over med ein Ibux.

Ellers har vi det bra, nyte sjølvsagt livet her på Bali.

Her er nokon bilde frå i dag og i går.

Kjekke kara! Ørjan(v) Magnus, Marius og Andreas.

Her ser dåkke Vegard Høidalen spela volleyball på Bali.

Gammal dame. Jobba med sement.

Security vakt på Sari Sagara, Hotellet der studentar som studerer på Gateway College bur.

Hjelm til foreldra men ikkje barna.

Man som satt med inngangen til huset sitt.

Ein kar som ventar på kunder til butikken sin.

Arbeidar som tek ei lita pause.

Statue.

Dame som strekker på ryggen. er ikkje sikker på om ho er gravid, men det ser slik ut. Folk jobbar hardt her sjølv om dei er gravide.

Der eg skal tatovere meg(Sorry farmor og mamma, men slik er det berre.)

Line mi kjempe fine<3

Mat, nam.

Eg slevar.

Line i kamerabutikken.

Line prøvde doctor fish.

Keta.